Strykekvartett nr. 21 av Mozart
Utsjånad
K. 575 Strykekvartett av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Sjanger | Kammermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | Juni 1789 | ||
Typisk lengd | 24:17 | ||
Satsar/akter | 4 | ||
Toneart | D-dur |
Strykekvartett nr. 21 i D-dur, K. 575, vart skriven i juni 1789 av Wolfgang Amadeus Mozart. Han har fått kallenamnet Fiolkvartetten. Han er den første av Preussenkvartettane.
Verket består av fire satsar:
- Allegretto, i D-dur
- Andante
- Menuetto: Allegretto
- Allegretto i D-dur
Kvartetten var skriven for og dedisert til kongen av Preussen, Friedrich Wilhelm II, ein amatørcellist. Mozart og venen hans Karl Lichnowsky møtte kongen i Potsdam i april 1789. Mozart spelte føre kongen i Berlin den 26. mai 1789, og reiste så attende til Wien.[1]
Strykekvartetten er i dag eit populært stykke. Det er eit stykke som vart skriven på høgdepunktet i karrieren til Mozart. Det vert rekna for å vere meir tilbakelent i forhold til dei seks kvartettane dediserte til Haydn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «String Quartet No. 21 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The New Grove Mozart ISBN 0333341996 page 154
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- String Quartet No. 21: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.